lørdag 25. september 2010

Dress til litle A.





Eg har strikka ein heil dress frå Strikk til Nøstebarn til litle A. Den er i størrelse eit år, men dei er litt merkelege i fassongen desse dressane. Lange i bolen, korte bein og enda kortare armar. Har laga ein til Litlegull tidlegare i str 3. Den passar fint, men er lang i bolen. Måtte samanlikna med andre bloggarar sine bileter av denne dressen, kunne det vera rett at armane skulle vera så korte? Såg ut som det var det same hos alle.



Babyar har i grunn veldig korte armar, iallefall i forhold til hovudet. Har du nokon gong prøvd å få ein eitåring til å klappa over hovudet? Det har eg, går ikkje an det, armane er altfor korte! Komisk å sjå på, men pass på, barnet kan bli veldig frustrert...




Denne gongen strikka eg dressen rundt heile vegen og kløpte den opp etterpå. Dette vart utsett vel fem månader, det verkar naturstridig å kløppa i noko ein har strikka. Eg sydde tett sikksakk midt framme og kløpte i veg. Det gjekk fint, ingen rakning. Får håpa det held seg slik også når dressen er teken i bruk.




Nå veit eg at A fekk ein nyyydeleg Marius-dress til dåpen, blir litt stusseleg i forhold denne då.




Her er herr Babyklisje i armkroken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar