lørdag 25. september 2010

Dress til litle A.





Eg har strikka ein heil dress frå Strikk til Nøstebarn til litle A. Den er i størrelse eit år, men dei er litt merkelege i fassongen desse dressane. Lange i bolen, korte bein og enda kortare armar. Har laga ein til Litlegull tidlegare i str 3. Den passar fint, men er lang i bolen. Måtte samanlikna med andre bloggarar sine bileter av denne dressen, kunne det vera rett at armane skulle vera så korte? Såg ut som det var det same hos alle.



Babyar har i grunn veldig korte armar, iallefall i forhold til hovudet. Har du nokon gong prøvd å få ein eitåring til å klappa over hovudet? Det har eg, går ikkje an det, armane er altfor korte! Komisk å sjå på, men pass på, barnet kan bli veldig frustrert...




Denne gongen strikka eg dressen rundt heile vegen og kløpte den opp etterpå. Dette vart utsett vel fem månader, det verkar naturstridig å kløppa i noko ein har strikka. Eg sydde tett sikksakk midt framme og kløpte i veg. Det gjekk fint, ingen rakning. Får håpa det held seg slik også når dressen er teken i bruk.




Nå veit eg at A fekk ein nyyydeleg Marius-dress til dåpen, blir litt stusseleg i forhold denne då.




Her er herr Babyklisje i armkroken.

Herr Babyklisje.










Her er herr Babyklisje som har flytta til Oslo. Den vart varmt teke i mot både av store og små i husstanden. Nokre dagar etter at den var overrekt kom det kjekt MMS bilete av litle A og herr Babyklisje. Det er kjekt når det ein lagar fell i smak og blir brukt.




Ein kjekk liten kar.




Møt litle kjeke herr Rangle. Han er hekla etter oppskrift i boka Brukt på nytt av K. Gregersen. Han er fylt med fiberfyll og i hovudet har han ein slik orange behaldar som er inne i kinderegg. Den fylte eg med grus frå oppkøyrselen så det er kjekk lyd når herr Rangle blir rista på.


Grunnen til at eg laga den var at ei god veninne av meg som nett hadde fått sitt første barn sa at dersom eg kunne hekla så burde eg prøva meg på leiker. Ho kunne rapportera om at slikt vart seld for store summar i hovudstaden.






Då bestemte eg med for å prøva, hadde jo vore kjekt å gi den litle si heilt eiga leike som ingen har makan til. Men som vanleg vart eg i tvil når den var ferdig. Var den heitl teit eller var den litt søt. Dette måtte testast ut. Dermed vart herr Rangle overrekt til ein liten gut på fire månader og den fall i smak. Bokstavlig talt såg det ut til. Rangle passa supert i ei lita babyhand. Då var det berre å settja i gong med ein ny til guten i Tigerstaden.