tirsdag 17. august 2010

Leggvarmarar/pulsvottar.

I fjor vinter strikka eg desse leggvarmarane til Litlegull. Ho gjekk ofte i strikkekjole over ulltrøye og stilongs og overgongen stilongs/sokkar er ikkje så fin. Det vart straks betre med desse.
Dei er frå boka til Lene Holme Samsøe, meiner den heiter Kekt og klassisk for børn.
Kan ikkje finna den i farte. Eg trudde at eg hadde orden i strikkesakene for tida, men det var altså ikkje så vel..





Dei kan også brukast som pulsvarmarar om mammo får låna dei. Dei er veldig lette å strikka og mønsterert er fint.



Vest.

Eg fall for denne vesten med ein gong eg såg den. Oppskrift frå Sandnes hefte 0808, her er det mykje fint frå Lene H Samsøe, berre synd at størrelsane ikkje går høgare enn til fire år. Min fireåring er av den store typen.


Denne strikka eg berre litt lenger så passa den fint. Trur eg at eg strikkar litt laust, men eg kan ikkje veta for eg likar ikkje å hiva vekk tida på prøvelappar. (Det hadde nok vore lurt for av og til kjem det plagg av pinnane som er veldig mykje større enn forventa, men det kan jo vera oppskrifta??? Eh...)

Eg likar godt mønsteret godt, det var kjekt å strikka. Men heller ikkje denne fall i smak. Storegull har brukt den eit par gonger til barnehagen etter iherdig tigging frå strikkaren, tippar den var av før eg var ute av porten...

Ein liten bolero.

Tidlegare i sommar var eg ein tur til Bergen. På transportetappane måtte eg jo ha noko å gjera på.


Tanken var at det kunne vera bra for Vetlegull å ha ei slik jakke over sommarkjolen sidan det har vore ein kald sommar. Men jenta har nekta å ta den på! Som forventa eigentleg...

Kanskje dette kan bli ein pressang?

Oppskrift frå Garnstudio, må sjå til å lera meg å linka.