mandag 4. oktober 2010

Ei lita jakke som vart altfor stor...

Som eg har nemnt tidlegare er eg ikkje flink til å ta meg tid til å strikka prøvelapp. Som regel går det greit, men av og til blir ikkje resultatet som forventa. I vår var det ein voldsom babyboom rundt oss og eg strikka for harde livet. Det går jo fort å strikka slike små plagg og det er gøy!

Oppskrifta på denne jakka fann eg på Garnstudio, ei fin jakke som eg ville prøva å strikke. Nå vart fargane her noko sjokkarta, men eg tenkte at nokon av dei vordrande mødrene nok kunne lika denne. Jakka vaks sakte men sikkert, men var den ikkje veldig stor?


Når ein ikkje har liten baby er det jo heilt umogeleg å hugsa kor små dei eigentleg er.

Då jakka var ferdig såg eg at ho nok ikkje var noko 6 månaders jakke som den skulle vore. Eg målte med ein genser frå Litlegull sitt kleskåp og då vart det klart at den er meir to til tre år. Kan jo ikkje gi noko så stort til ein liten baby...



Nå var det slik at det berre var gutar inne i magane denne gongen så det var ikkje aktuelt å gi vekk denne.

Litlegull likte jakka godt og ville ha den, ho eeelskar alt som er det minste rosa. Eg hekla ein kant nedst på ermet for at dei skulle harmonera betre med resten av jakka, men den vart i minste laget for Litlegull. Derfor ligg jakka no på lur, kanskje får ei anna lita jente jakka. Om eg tør gi den vekk då, den er jo sprelsk i fargane og i rillestrikk....


Den var iallfall kjekk å laga!


Til ein ny liten gut.



Ein god kamerat av sambo har blitt pappa og den litle fekk dette settet i velkomen til verda gåve. Det er alltid litt "nervepirrande" å skulla overrekka ei heimestrikka gåve, tenk om den ikkje fell i smak i det heile. Tenk om dei synst at det dei får er heilt teit og stygt og så vidare og vidare. Spesielt i tvil vert eg når kleda er strikka i rillestrikk.....







I slike tilfeller er det best å gi frå seg gåva på ein slik måte at mottakarane er åleine når dei opnar, då slepp me ubehagelege sener der dei latar som om dei likar det som gøymer seg under papiret.


Men denne gongen trur eg det gjekk fint, den nybakte pappen verka nøgd og om han ikkje var det er han ein god skodespelar!


Oppskrift frå Nøstebarnboka, meiner det er størrelse 6 månader.