mandag 4. oktober 2010

Til ein ny liten gut.



Ein god kamerat av sambo har blitt pappa og den litle fekk dette settet i velkomen til verda gåve. Det er alltid litt "nervepirrande" å skulla overrekka ei heimestrikka gåve, tenk om den ikkje fell i smak i det heile. Tenk om dei synst at det dei får er heilt teit og stygt og så vidare og vidare. Spesielt i tvil vert eg når kleda er strikka i rillestrikk.....







I slike tilfeller er det best å gi frå seg gåva på ein slik måte at mottakarane er åleine når dei opnar, då slepp me ubehagelege sener der dei latar som om dei likar det som gøymer seg under papiret.


Men denne gongen trur eg det gjekk fint, den nybakte pappen verka nøgd og om han ikkje var det er han ein god skodespelar!


Oppskrift frå Nøstebarnboka, meiner det er størrelse 6 månader.

1 kommentar:

  1. Synes strikkesettet var kjempefint. Har kjøpt meg garn no, og skal strikke kjole til vetla. Reiser heim til Sunnfjord i haustferien, og då er det godt å ha noko på hendene.

    Koselig at du ville vere med på trekning hos meg. Visste ikkje at du hadde blogg eg, så det var kjekt å finne ut.

    Godt at bursdagsprinsen ikkje synes da va så allerverst med mjuke pakkar allikavel. Visst da kan vere noko trøyst, så er det samme trenden her i heimen.

    SvarSlett