fredag 9. juli 2010

Fleire bukser.



I år har eg vore i forkant og strikka to ullbukser til kvar av ungane i mai. Som regel ventar eg til der er litt for seint og så må eg kjøpa ullklede. Ikkje noko gale i det, me har MYKJE gode kjøpte ullplagg, men det er jo kjekt å kunna strikka til dei nå medan dei fortsatt er så små at dei vil bruka kleda eg lagar.




Buksene er Ribbestrikka bukser frå "Strikk til Nøstebarn". Gode bukser som er fine og ha under vinterdress eller regnklede. Ei til kvar, Litlegull si er raud øvst slik at rett bukse skal komma på rett unge.



Det har blitt mykje koksgrått i vår. Eg hadde planar om å strikka ein kjole til meg sjølv, og når ein har ein plan så må garn kjøpast inn. Men eg kjem stadig tilbake til at strikkaplagg er lite flaterand på meg. Ein gong når eg har byrja å jogge og kroppen blir flott, då skal eg strikka meg ein kjole...


Det er viktig å halda på håpet, eg ventar på at eg ein dag blir ein joggar og då skal eg bli avhengig slik at eg berre MÅ ut kvar dag. Då blir det stas med strikkakjole! Eg har sete i sofaen å strikka i utallige timar og venta, men eg har ikkje kjent snev av sug etter å komma meg ut på springetur.


Trur eg må endra taktikk!

Monsterbukser.



Eg har lenge sett på monsterbuksene ute på den store webben og i mai fekk eg strikka ei til kvar av dei søte små. Eg fann eit mønster på nett, men synst det var veldig mange masker. Derfor er mine bukser strikka som ei blanding av Monsterbuks oppskrift frå nett (hugsar ikkje kor eg fann den) og Långis frå "Brukt på nytt".
Veldig kjekke bukser og strikka. Eg var litt tvilande til om eg nokon gong kom til å brodera på auger og tenner, men etter drøyt ein månad tok eg fatt og jammen gjekk det greit. Første gong eg har prøvd maskesting, det vart langt frå perfekt, men eg er nøgd. Dei skal jo tross alt for det meste sittast på...

Eg hadde fått med meg tipset om å brodera med dobbel tråd, det er eg glad for elles hadde eg nok mista motet fort. Det er ikkje noko greier nå det ein strevar med ikkje blir fint i det heile.

Litlegull si bukse er overraska!


Storegull ville ha eit sint monster og etter eindel tenking og teikning vart buksa litt sint. Litlegull seier at hennar bukse er skummel, ho har ikkje sett den andre...

Til ein liten ny nevø.

Me er så heldige at me fekk ein ny nevø i mai. Eg hadde strikka eit lite sett til han, men sidan det er sommar nå så kom eg til at eg nok burde strikka eit litt større. Då visste eg ikkje at temperaturen skulle vera så dårleg denne sommaren, hadde nok vore godt med litt ull på ein liten kropp.

Iallfall strikka eg eit nytt sett i hurten og sturten. Det vart omslagsjakke frå "Strikk til nøstebarn" og ribbestrikka babybukse frå "Brukt på nytt".




Omslagsjakka er kjekk og strikka, eg har strikka den to gonger før, til jenter. Var litt i tvil om den ville bli for "jentete", men eg er nøgd med resultatet, synst den vart retteleg "gutete". Soppknappar er frå Stoff og Stil, der hadde dei mange fine knappar til ein fin pris.


Buksa er lang og smal og harmonerer ikkje heilt med jakka, får håpa at det ser betre ut i bruk. Guten er iallfall heilt perfekt, ikkje brei oppe og veldig tynn nede...

Velkommen til verda litle venn, håpar du kjem til å trivst i kleda.

Eg meiner dei er strikka i eit år, og det er bra; me har store flotte ungar i slekta!