søndag 20. juni 2010

"Fotballgenser"

Kva gjer ei strikkeglad (galen?) mamma når fireåringen som ikkje likar ullgenserar ber om å få ein fotballgenser? Jo, då tenker ho fort, korleis ser ein fotballgenser ut? Denne mamma har ikkje peiling på fotball (eller noko anna sport for den saks skuld), men ho har fått med seg at fotballen ofte er kvit og svart. Derfor rasa mor og son innom garnbutikken og plukka med seg litt svart og litt kvitt garn.Her gjeld å smi medan jernet er varmt, kven veit når poden igjen kjem på at han ikkje likar ullgenserar?

Genseren er strikka med utgongspunkt i rullegenser får boka "Strikk til Nøstebarn". Har tilpassa litt med ribbestrikka brot oppe, nede og på armane, synst det ser litt betre ut slik. Tal må vel ein fotballgenser ha , han valte 8.
I ettekant har det komme på eit fotballmerke på ryggen, svigermor skulle vera snill og avnuppe genseren ein kveld ho lånte guten og då fekk ho merka at det var noko i det er seier; Det blir ofte hol av slikt...

fredag 11. juni 2010

Eg prøver meg på blogging.


Etter mange år som blogglesar vil eg prøva meg på min eigen blogg. Eg ser at her er det mykje nytt å læra...


Sidan dette er nok ein strikkeblogg, legg eg ut eit bilete av Feminin rib av Lene Holme Samsøe laga til ein fireårsdag sist sommar.