fredag 9. juli 2010

Fleire bukser.



I år har eg vore i forkant og strikka to ullbukser til kvar av ungane i mai. Som regel ventar eg til der er litt for seint og så må eg kjøpa ullklede. Ikkje noko gale i det, me har MYKJE gode kjøpte ullplagg, men det er jo kjekt å kunna strikka til dei nå medan dei fortsatt er så små at dei vil bruka kleda eg lagar.




Buksene er Ribbestrikka bukser frå "Strikk til Nøstebarn". Gode bukser som er fine og ha under vinterdress eller regnklede. Ei til kvar, Litlegull si er raud øvst slik at rett bukse skal komma på rett unge.



Det har blitt mykje koksgrått i vår. Eg hadde planar om å strikka ein kjole til meg sjølv, og når ein har ein plan så må garn kjøpast inn. Men eg kjem stadig tilbake til at strikkaplagg er lite flaterand på meg. Ein gong når eg har byrja å jogge og kroppen blir flott, då skal eg strikka meg ein kjole...


Det er viktig å halda på håpet, eg ventar på at eg ein dag blir ein joggar og då skal eg bli avhengig slik at eg berre MÅ ut kvar dag. Då blir det stas med strikkakjole! Eg har sete i sofaen å strikka i utallige timar og venta, men eg har ikkje kjent snev av sug etter å komma meg ut på springetur.


Trur eg må endra taktikk!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar